Fag i fokus 4-20: Leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Fag i fokus: Krav til opplæring, kompetanse og systematisk kvalitetsforbetring gjeld også for laboratoriearbeid

Hilde-Kristin Rondestveit, 15. september 2020 - oppdatert, 1. oktober 2020

Hvordan kan Noklus sitt tilbud være til hjelp for å oppfylle aktuelle krav i "Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten"? Dette ser vi nærmere på i fjerde utgave av spalten "Fag i fokus", der artikkelforfatter setter søkelyset på hva forskriftene sier om opplæring, kompetanse og systematisk kvalitetsforbedring. 

 

Fag i fokus nr. 4/2020: Krav til opplæring, kompetanse og systematisk kvalitetsforbetring gjeld også for laboratoriearbeid

Av Anne Nilssen Magerøy, laboratoriekonsulent, Noklus Førde sentralsjukehus  

Leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Nyleg kom Helse- og omsorgsdepartementet med ny handlingsplan for allmennlegetenesta der eit av tiltaka handlar om systematisk arbeid med kvalitet og pasienttryggleik. Helsedirektoratet skal utforme eit nasjonalt system for arbeid med kvalitetsforbetring og pasientryggleik. Noklus deltek i dette arbeidet.

Vidare arbeid med handlingsplan skal heve kvaliteten på tenestene til pasientar og brukarar i kommunane og støtte opp under krav i «Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten» (FOR-2016-10-28-1250)

Dokumentasjon som syner korleis forskrifta vert etterlevd, skal til ei kvar tid vere oppdatert og tilgjengeleg. Ein skal ha oversikt over tilsette sin kompetanse og behov for opplæring. Vidare må ein sørge for gode rutinar og oppdaterte prosedyrer.

Det er leiar sitt ansvar å sørge for at det vert etablert og gjennomført systematisk styring av aktivitet i tråd med denne forskrifta, og at medarbeidarane medverkar til dette.

Arbeid med kvalitetssikring tek tid, krev kunnskap og god leiarkompetanse. Med knappe personalressursar er dette sjølvsagt utfordrande for den enkelte kommune, legekontor og andre i helse- og omsorgstenesta. Det er slik sett bra at det vert sett fokus på dette arbeidet. Det er å håpe at eit nytt nasjonalt kvalitetssystem kan bli til hjelp og støtte for laboratoriearbeidet i primærhelsetenesta.

 

                            

Noklus sin opplæringsplan kan nyttast til å ha oversikt over tilsette sin kompetanse og behov for opplæring. 

Ulike roller

Fylkesmennene gjennomfører tilsyn på vegne av Helsetilsynet der etterleving av kvalitetsforskrifta er tema.

Noklus har ikkje ei slik tilsynsrolle. Noklus sitt tilbod er meint å vere ei hjelp til å oppfylle krav i kvalitetsforskrifta. Sjølv om det i denne koronatida er vanskeleg med besøk, er de alltid velkomne til å ta kontakt med laboratoriekonsulentane. Innhaldet på «Min side»www.noklus.no kan de bruke når det passar. Laboratorieansvarleg medarbeidar har ei viktig rolle i dette kvalitetsarbeidet, og treng tilrettelagt tid og støtte frå leiarane i verksemda.

Samla oversikt over tenester de mottek frå Noklus, kan de finne på «Min side» ved å klikke på deltakarnamn oppe i høgre hjørne.


Opplæringsplan og dokumentasjon av opplæring

Mange kommunar har gode system for dokumentasjon av opplæring og kompetanse. Noklus har i år teke i bruk ny «Min side». Her ligg ulike «hjelpemiddel» for å oppfylle krav om opplæring.

Vi ynskjer å sette fokus på opplæringsplan som et viktig verktøy. Med bruk av opplæringsplan kan leiarane i verksemda saman med laboratorieansvarleg synleggjere kvaliteten på laboratoriearbeidet. Noklus tilrår at planen vert brukt av nytilsette, og at alle tek ein repetisjon kvart tredje år.

Opplæringsplan kan ein finne under knappen «Opplæring og kompetanse. Dokumenter» på «Min side». Under denne knappen ligg også funksjonsbeskriving for laboratorieansvarleg og sjekkliste til bruk ved intern revisjon av laboratorieverksemda.

                 
Laboratorieprosedyrar og e-læringskurs
 

 

Som del av opplæring i laboratoriearbeid skal ein lese laboratorieprosedyrar og gjennomgå e-læringskurs.

Noklus arbeider kontinuerleg med å lage nye og forbetre eksisterande e-læringskurs.

Kvar enkelt tilsett kan finne oversikt over eigne gjennomførte kurs under knappen «E-læring» ved å legge inn eigen e-postadresse og klikke på «Kursbevis arkiv».

Leiar/laboratorieansvarleg på kvar arbeidsplass (legekontor, sjukeheim, heimeteneste, studiestad m.m.) kan vende seg til lokalt Noklus-kontor for å få komplett liste over alle gjennomførte e-læringskurs ved sin arbeidsplass.

 

Eksempel på systematisk kvalitetsforbetring - dokumentasjon av prøvesvar  

Noklus sender årleg ei spørjeundersøking til alle deltakarane om rutinar for det som skjer med prøver og prøvesvar før og etter laboratorieanalyse. I 2019 handla denne undersøkinga om analyseresultat og svaroverføring til journal. 56 % av deltakarane svara på undersøkinga. Det er fleire ulike rutinar på korleis prøvesvar vert dokumentert og sendt vidare. Ikkje alle rutinar er like sikre. Over 40 % svarar at dei ikkje har faste og gode rutinar for å følgje opp feil som oppstår i samband med pasientprøver. Av dei som deltok i undersøkinga var det 67 % av sjukeheimar og 73 % av heimetenester som ikkje har skriftlege prosedyrar for rapportering av prøvesvar til lege, til dømes kva prøvesvar som skal rapporterast straks.

Resultata viser at det er behov for fokus på korleis prøveresultat vert behandla og journalført. Prosedyrar og gode rutinar vil sikre at rett prøvesvar vert overført til rett journal, at lege vert varsla når det er nødvendig og at prøvesvar kan finnast  igjen i ettertid.

Sist oppdatert: 01.10.2020 11.10.55