Fag i fokus 3-22: Betre analysekvalitet i primærhelsetenesta

Fag i fokus: Betre analysekvalitet i primærhelsetenesta

Publisert 22. juni 2022 - oppdatert 22. juni 2022

Analysekvaliteten er blitt bedre siden 1980-tallet. Det er konklusjonen som trekkes i denne utgaven av "Fag i fokus", skrevet av cand. med. Tone Bukve. Konklusjonen er basert på hennes doktorgradsarbeid, der 600 000 resultater fra eksterne kvalitetskontroller er studert. 

Fag i fokus nr. 2/2022:
Betre analysekvalitet i primærhelsetenesta


Av Tone Bukve, cand. med, Noklus 

Bakgrunn

På 1980-talet var det stor vekst i primærhelsetenesta i Noreg etter eit nasjonalt fokus på å desentralisere helsetenester. Med ei auke i antal oppgåver oppstod det også eit behov for raskare diagnostisering og behandling av pasientar. Instrument for pasientnær analysering vart introdusert og marknadsført som så enkle at kven som helst kunne utføre analysane.

Studiar avslørte derimot at analysekvaliteten var svært dårleg, og den var ikkje foreineleg med forsvarleg pasientbehandling. Som eit resultat vart Noklus oppretta, og sidan 1992 har organisasjonen utført ekstern kvalitetskontroll (EQA) av pasientnær analysering i Noreg.

Trass i at EQA i dag blir sett på som ein naturleg del av god laboratoriedrift, har det i liten grad vorte dokumentert om EQA faktisk bidreg til å betre analysekvaliteten, og eventuelt kva faktorar som påverkar den. Det har også mangla kunnskap om det distribuerte kontrollmaterialet er kommutabelt, altså om det oppfører seg som ferske pasientprøvar når det vert analysert. Målet med doktorgradsarbeidet var å finne svar på dette.

 

Metode

Noklus har gjennom 30 år med EQA i primærhelsetenesta opparbeida seg eit av verdas mest omfattande datamateriale på feltet. I avhandlinga vart EQA-data frå analyttane urin-albumin (u-albumin), C-reaktivt protein (CRP), hemoglobin (Hb) og glukose studert nøyare.

Totalt blei 15 utsendingar av u-albumin og 19 utsendingar frå samsendinga av CRP, Hb og glukose inkludert i studien, noko som gav om lag 600 000 EQA-resultat som datagrunnlag.

Noklus starta i 2006 å produsere sitt eige fullblod kontrollmateriale for å kunne distribuere eit materiale så likt ferske pasientprøvar som mogeleg. For å vurdere kommutabiliteten til dette kontrollmaterialet vart det analysert saman med ferske pasientprøvar på dei mest brukte instrumenta i primærhelsetenesta og utvalde sjukehusinstrument.

 

Resultat

Figur 1 viser antal deltakarar med «dårleg analysekvalitet» avhengig av om dei deltok for fyrste gong eller hadde delteke i EQA tidlegare. Dei som hadde delteke i EQA tidlegare, fekk færre «dårlege» resultat enn dei som deltok for fyrste gong. Forskjellen mellom gruppene var signifikant, og gjaldt alle analyttane i studien.

Figur 1. Figuren viser prosentvis deltakarar med «dårleg analysekvalitet», og om dei har delteke i EQA tidlegare (blå kolonner) eller deltek for fyrste gong (oransje kolonner).

Figur 1. Figuren viser prosentvis deltakarar med «dårleg analysekvalitet», og om dei har delteke i EQA tidlegare (blå kolonner) eller deltek for fyrste gong (oransje kolonner).

 

Resultata viste at deltakarane ikkje berre vart betre etter å ha delteke minimum èin gong tidlegare, men at dei òg fekk gradvis betre analysekvalitet jo lengre dei deltok i EQA (figur 2).

Figur 2. Figuren viser prosentdel «god riktigheit» på y-aksen og antal deltakingar i EQA på x-aksen. Ein ser at for alle analyttar, u-albumin (blå), CRP (oransje), Hb (grøn), og glukose (gul), har ein ei gradvis forbetring av analysekvaliteten etter antal deltakingar i EQA.

Figur 2. Figuren viser prosentdel «god riktigheit» på y-aksen og antal deltakingar i EQA på x-aksen. Ein ser at for alle analyttar, u-albumin (blå), CRP (oransje), Hb (grøn), og glukose (gul), har ein ei gradvis forbetring av analysekvaliteten etter antal deltakingar i EQA.


For u-albumin viste studien at deltakarane som nytta reagensar utgått på dato, hadde dårlegare analysekvalitet enn dei som nytta reagensar innafor halbarheitsdatoen. Dette var ikkje tilfellet for dei andre analyttane. Der viste instrumenttype seg å vere svært viktig for å oppnå «god analysekvalitet», samt om analysen vart utført hyppig, at det vart gjennomført intern kvalitetskontroll ofte og at ein bioingeniør analyserte prøvane.

Deltakarar frå legekontor hadde betre analysekvalitet for CRP og Hb, medan sjukeheimar hadde best analysekvalitet for glukose.

Sist, men ikkje minst, viste det seg at antal gonger ein deltakar hadde vore med i EQA var ein uavhengig prediktor for «god analysekvalitet».

I figur 3 er dei uavhengige variablane som predikerte «god analysekvalitet» illustrert.  

Kommutabilitetsstudien viste at for Hb var kontrollmaterialet kommutabelt for alle studerte instrument, og for CRP var materialet kommutabelt for alle instrument unntatt QuikRead Go i høgaste konsentrasjon. For glukose var materialet kommutabelt for alle instrument i det lågaste konsentrasjonsnivå, og for ca. halvparten i dei høgare konsentrasjonsnivåa.

Figur 3. Figuren illustrerer dei ulike uavhengige variablane som predikerte «god analysekvalitet»: Instrumenttype, antal analysar, intern kvalitetskontroll, yrke, deltakartype og antal deltakingar i EQA.

Figur 3. Figuren illustrerer dei ulike uavhengige variablane som predikerte «god analysekvalitet»: Instrumenttype, antal analysar, intern kvalitetskontroll, yrke, deltakartype og antal deltakingar i EQA.

Konklusjon

Avhandlinga viser at systematisk deltaking i EQA gjev betre analysekvalitet for dei studerte analyttane.

Noklus tilbyr eit heilheitleg kvalitetssystem der deltakarane får individuell oppfylging frå laboratoriekonsulentar. Dette er særleg nyttig for deltakarar med «dårleg analysekvalitet», som har størst risiko for å gi ut analysesvar som medfører feil i diagnostisering og behandling av pasientar. Alle deltakarar får, uavhengig av EQA-resultat, tilgang til laboratorieprosedyrar, regelmessige kurs og tilbakemeldingar som gjev kontinuerleg forbetring av analysekvaliteten over tid.

Oppsummert kan deltakarar som oppnår «god analysekvalitet» på EQA med eit instrument som har kommutabelt kontrollmateriale, kjenne seg trygge på at pasientprøvane dei analyserer til dagen har tilfredsstillande kvalitet, og at dei bidreg til god og forsvarleg pasientbehandling. Analysekvaliteten i primærhelsetenesta har betra seg betydeleg sidan 1980-talet, og Noklus har vore ein viktig bidragsytar til dette.

Sist oppdatert: 22.06.2022 08:08:39